For å først ta forskjellen med dei to produsentane:
nVidia -> OpenGL
ATI -> DirectX
Det er generelt det einaste som skil dei to korta frå kvarandre.
No kan sjølvsagt kem som helst kome og seie at "Nei, nVidia gjorde ditt, medan ATI gjorde datt", og det er jo i og for seg rett det. Men det som er viktig å tenke på, er at ingen av dei to produsentane har valgt seg ut nokon heilt eigen stil. ATI har generelt gjordt det litt betre på spel med DirectX, og nVidia litt betre på OpenGL. Men når nVidia fann opp PixelShader v2.0 (eller noko), fann jo ATI ut at "eyy, god ide", og gjer nok det same.
I hovudsak, trur eg det er viktig å hugse at dersom eit spel er merka med nVidia, er det langtifra sikkert at det har fått nokon subsidiar. Det er godt mulig, men at dei betalar får å utkonkurrere ATI, det er heller lite truleg. Og dersom det kjem til og skje, er det nok ganske sikkert at nokon kjem til å legge merke til det i likhet med ostekrigen i Noreg.
Personleg er eg for nVidia, og kjøyrer eit GeForce 7800GTX, og er svært fornøyd. Før har eg og hatt nVidia, men ein dag gjekk gamle skjemkortet mitt dukken, og eg vart litt sur når eg fann ut eg fekk eit ATI kort. Eg hadde det i eit par månadar, og kan ikkje klage på noko som helst med det. Kortet fungerte flott, og om det var to fps dårlegare i eit spel enn med nVidia, var nok sikkert nVidia to fps dårlegare i eit annan spel.
Generelt: nVidia er like god som ATI, ATI er like god som nVidia.
PS:
Eg vil til slutt legge til ein personleg meining om drivarar frå forskjellige produsentar.
Det som har blitt ein trend i vår tid, er at folk utviklar spel som har grafikken til mårodagen. Dersom eg no (i dag) skal begynne å lage eit spel, vil det vere heilt meningslaust å produsere noko som kjem til å sjå dritbra ut på eit ATI x800 XT PE i dag. Når så spelet mitt er ferdig om tre-fire år, vil det jo vere drit. Då kan jo dei innebygde skjermkorta gjere ein betre jobb enn to 7800 GTX'ar i SLI modus. Det ville ha vore idiotisk om produsentane av kort sa at: "Nei, sorry, ditt spel skal ikkje me støtte, fordi du ikkje ville bruke vårt 4 år gamle kort å basere spelet på".
I tillegg må ein hugse på at dersom ein ikkje føler at skjermdriveren strekk til, ken ein gå inn på
www.omegadrivers.net og laste ned spesialiserte driverar.