Grønn energi er i vinden i dag, og felles for relativt mykje av grønn energi, er at den er ustadig. Vind og solkraft er produserer ikkje kontinuerleg, og kan få lengre avbrot. Det er massiv forskning på lagring av energi, med alt frå trykkluft til lithiumsbatteri.
Per i dag er lithiumbatteri dyrt, men har god RTE (Round Trip Efficiency) - dvs. at mykje av energien vi stapper inn får vi tilbake. Trykkluft har potensiale til å vere billegare enn lithiumbatteri, men har dårlegare RTE.
Men vi har vasskraft. Vatn, magasinert i høgda, kan lagre massive energimengder. Eit tilfeldig valt kraftlag har magasinkapasitet på 338 millioner kubikkmeter vatn. Om ein antar det er fallhøgde på 100m er det snaut 100GWh lagra energi. Og det er ikkje eit spesielt stort damvolum. Samla magasinkapasitet i Noreg er nesten tusen ganger større - 87TWh. Det er eit gigantisk batteri. Lithium-batteri kostar til samanlikning rundt 140$/kWH (mai 2017) - og tilsvarande kapasitet vil koste over 1000 milliarder dollar...
Per i dag er det ikkje mange anlegg som er utbygd for pumpekraft - altså det å kunne pumpe vatn i retur. Det krev at anlegget munner ut i ferskvatn, og ikkje sjø, ettersom det kan ha visse uheldige økologiske konsekvenser å pumpe saltvatn til fjells...
Ein av konsekvensane vi har sett i Danmark, av mykje vindkraft, er overskot av elektrisitet i enkelte tidsrom - og mangel i andre. Med stor overføringskapasitet kan vi posisjonere oss slik at vi i praksis lagrer den energien til det er behov for den - enten nasjonalt eller internasjonalt.
Det kan befeste Noreg sin posisjon som energinasjon - etter oljen. Har vi råd til å ikkje bruke fordelen vi har med landskapet, mtp. klimaendringene?

Sist endret av vidarlo; 7. august 2017 kl. 15:07.