View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er ein del her som spør etter den ultimate laptopen, som skal kunne spille alle dei nyaste spilla, vege lite, ha ultimat batteritid og innebygd kjernefysisk reaktor for å skaffe straum, til under 10000. Det finst ikkje. Som overalt ellers får du det du betaler for.

Laptoper kan grovt sett kategoriserast slik:
*God ytelse
*God batteritid
*Lav pris
*Lav vekt.

Det er umulig å få en laptop som oppfyller alle krava. Du kan t.d få en laptop som er billig og har god ytelse, men på bekostning av vekt og batterilevetid.

Slik er det med nesten alle laptoper, du kan velge 2 eller 3 av dei fire punkta ovanfor.

Du vil heller aldri finne en laptop som er spesielt god til speling. Skal du ha ei ultimat spelemaskin, så må du gå for desktop-maskiner, eller laptoper med høg vekt, lita batteritid og høg prislapp. Det finst eit par slike laptoper på markedet i dag, m.a frå Acer.

Kva produsent av laptop du vel har ikkje så veldig mykje å sei. Komponentane er stortsett dei samme, og omtrent alle laptoper er produsert i samme fabrikken.

Det som er verdt å nevne er at Lenovo Thinkpad (tidlegare IBM Thinkpad) er kjent for å ha ekstremt bra byggkvalitet. Dei er solide, stabile, god ytelse og lav vekt, og med relativt god batterilevetid. Minuset er at dei er vesentleg dyrare enn andre laptoper. Dersom du skal dra mykje på laptopen er det derfor verdt å vurdere en Thinkpad. Thinkpads er også dei som funker beste med *BSD, Linux, Solaris etc.

Eit anna val er integrert mot dedikert skjermkort. Skal du spele må du ha dedikert, skal du ikkje speler funker integrerte heilt ok. Er du veldig opptatt av høg batteritid, så er ofte integrerte eit torskehovud foran dei dedikerte når det gjeld straumsparing.

Beste rådet når du skal kjøpe laptop er:
*Prøv laptopen. Liker du skjermen? Både i dagslys og innendørs om du greier å få det til.
*Er den rask nok for deg?
*Er det nok batteritid?
*VEKT!! Dersom du skal dra på den fram og tilbake til skulen kvar dag, blir du drit lei en laptop som veg 3-4 kg, og du vil ønske du hadde kjøpt en ultralett istaden.

Plukk det du vil satse på av dei områda som er nevnt øverst. Vil du ha det billigaste må du ofre alle dei andre punkta. Vil du ha ultimat batteritid må du ofre alle dei andre punkta... Slik er det, og slik har det vore i laptopmarkedet i en god del år.
Sist endret av vidarlo; 24. februar 2007 kl. 15:43.