View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Jaja. Det måtte skje igjen. ITpro, ved Frank Aune, avslører konspirasjonsteorier:

Sitat av ITpro
En norsk politiker avslører at det eksisterer omfattende høyteknologiske undergrunnsbaser i Norge som hemmeligholdes ved hjelp av løgn og kynisme. Disse er kun ment for makteliten, ledende politikerne og spesielt utvalgte personer ved en global katastrofe. Resten av den norske befolkningen skal etterlates for å dø.
Vis hele sitatet...
Trengst det eigentleg kommentarer på kor far out dette faktisk er? Og kjeldene som er nytta har jo ingenting med det som blir presentert å gjere, så eg tviler på at hr. Aune kan ha lese dei spesielt grundig… Dei er jo rimelig seriøse, men desverre ikkje om det han skriv om. Kjedelig det der, med kilder som ikkje tar for seg samme som deg.

Frank Aune, som altså er redaktør for ITpro, må jo vere ein rimeleg oppegåande person når han kan bli redaktør, og drive ei såpass stor nettside. Like fullt faller han for så totalt usannsynlige ting, som er backa opp av et par youtubeklipp og pseudovitenskap. Eller pseudovitenskap er vel kanskje litt sterkt ord - kjeldene har jo ikkje samanheng med innhaldet i artikkelen.

Og som bevis nyttar Frank Aune seg av bilete. Bilete av en politiker sammen med andre politikere. Bombe. Det er rart med det, når ein er i ein offentleg posisjon er det fort gjort at folk tar bilete av deg. Og det er fort gjort at det er andre personar som er i offentlegheitas sitt søkelys i nærleiken når biletet blir tatt.

ITpro er heller ikkje modige nok til å publisere namnet dei hevder dei har. Så sensasjonell som denne saka hadde vore om dei faktisk hadde vore på sporet av noko, så kan eg ikkje tenke meg at PFU ville felt dei for å publisere namn… Så at dei ikkje publiserer tyder jo på at dei ikkje har så jævla solid grunnlag akkurat.

Forøvrig trudde eg ITpro var ein nettstad som tok for seg informatikk, og ikkje tilfeldige konspirasjonsteorier redaktøren deira har skrapt opp frå youtube… Kanskje på tide at Aune skaffar seg ein blogg, og ikkje nyttar ITpro som sitt personlige talerør.

Kort sagt - det er vanskelig å ta noko slikt seriøst i heile tatt. Det er berre litt for far fetched til at det er mogeleg å kommentere uten å få latterkampe.