Tråd: Tyvkoble bil
View Single Post
Sitat av InTrance
folk jeg kjenner har opplevd det. Gammel ford sierra, det sitter vel 6 stenger inne i rattlåsen som låser den. De hadde vel knekket den neste helt. Men de kom i en sving hvor plutselig rattet låste seg
Vis hele sitatet...
Feil. Det er ein liten tapp som låser rattet. den er vel ca 6 mm tjukk og 6 mm brei. og 12 mm lang. Når du riv i alt du kan i rattet så skal du enkelt klare å ødelegge den. Eg har aldri opplevd det, men det kan hende at den vil låse seg igjen sidan den ligg løst der inne under eit deksel. Det du gjer då for å vere heilt sikker på at rattlåsen ikkje skal låse seg igjen (som sagt, det har eg aldri opplevd), så kan du skru ned følgande deksel som visst på bilete under. Då vil den tappen ilag med ein liten plastbit dette ut. Det er no 100% sikkert at rattet ikkje vil låse seg.

http://www.stud.hisf.no/~daniella/ratt3.jpg

Eg kan jo gå litt meir i detalj, sidan emnenamnet er "tyvkoble bil". Kanskje emnestarter blir litt skuffa, det er ikkje snakk om å tjuvkople noko bil her. Men gjere det på ein lettare og meir effektiv måte. Og du slepp også å ødelegge noko. (utenom rattlåsen, men den har jo du allerede ødelagd). Det er dessverre ikkje dei beste bileta, men skjønnar du ikkje opplegget her så bør du ikkje prøve å "tjuvkople" din eigen bil. Då kjem du nok til å ødelegge noko.

http://www.stud.hisf.no/~daniella/ratt1.jpg
http://www.stud.hisf.no/~daniella/ratt2.jpg

Der dei lilla rundingane og den lilla pila er signaliserar to skruar som held den bakre delen av tenningslåsen på plass. Sånn som denne tenningslåsen fungerar, så stikk du ein nøkkel inn på høgre sida. Og for å få lov å vri rundt så må jo den nøkkelen passe i sporet. Det går så eit stag igjennom "rattstammen" til venstre sida til den delen som kablane går inn på. Dette staget er rundt med ein ting ut på kvar side. Det er og taggete som f.eks. ein torx. Når du vrir nøkkelen så vrir dette staget rundt i den bakre delen og det er det som fører til at bilen startar/tenninga går på/radiohakket går på osv.

Det som er inne i den bakre delen er ikkje noko me treng å vete, men det er ein kobberspiral mei blykule rullande rundt. Etterkvart som du vrir så følg då den kula rundt, og det er det som avgjer kortid den skal starte og kortid berre tenninga skal vere på. Det er også ei fjør inne i denne delen som gjer at når du vrir til "hakk tre" når startaren slår inn, så sprett nøkkelen tilbake til "hakk to" som er tenningsposisjonen. Eg har hatt oppe denne delen eingong for å forske litt, men det er nokre år sidan så denne forklaringa er nok litt difus. Men som sagt, det er ikkje noko me treng å vete for å "tjuvkople" bilen.

Der som dei lilla rundingane er skjuler det seg to små skruar som er skrudd inn i nokre gjenga hol som er støypt i godset. Diameteren på holet er vel kanskje 4-5 mm. Du treng eit lite flat skrujern, evt. sånn symaskin-/datamaskinverktøy. Eg pleier å bruke desse fine skrujerna som er på leatherman'en min. Når du skrur ut desse to skruane, så dett den bakre delen av. Men det gjer ingenting, for den heng i dei kablane som straumen går igjennom. No er det egentlig fritt fram for å starte bilen.

http://www.stud.hisf.no/~daniella/ratt4.jpg

Noko sånt møter det etter at du har skrudd ut dei to skruane. I dette svarte holet i midten går altså det staget ifrå andre sia av tenningslåsen inn i. Her stikk du då eit flatt skrujern inn i og vri rundt. Då vil det fungere på same måte som om du stikk nøkkelen inn i nøkkelholet. DU har hakk ein, hakk to og hakk tre som du må vri til for å få startaren til å slå inn. Vips.... så har du start på bilen! Du treng ikkje halde skrujernet på plass. Den går automatisk tilbake til tenningsposisjon (hakk to) og vil stå her til du vri No kan du gjere kva du vil. Og du har faktisk ikkje ødelagd noko som helst. Du kan skru dette flott ihop igjen uten spor. Bortsett frå den knekte rattlåsen då.

Dette er skreve med utgangspunkt i ein Ford Sierra. Men eg trur dette skal virke på 70% av alle "gamle" bilar.


Eventuelle mottiltak for å sikre deg mot dette her:

SNAP-OFF ratt. Det er eit must. Det er eit ekstra nav som du sett utpå rattnavet og støttar ein rattype som blir kalla SNAP-OFF ratt. Dette er eit ratt (det ligg vel i namnet) som du kan ta med deg når du går ifrå bilen. Dette er ein operasjon som tar 1 sekund. Og det skadar jo ikkje å ta med seg rattet inn for kvelden når bilen er pakkert. Og har ikkje du ratt i bilen, så kan ikkje tjuvraddane køyre nokon plass med bilen.

På tegningane der på bakre delen av tenningslåsen med dei rosa rundingane er det to hol med skruar i. Du kan enten fylle igjen desse hola med loddetinn eller ei sveisefuge. Då kan dei ikkje skru det ut. Du kan og bore litt på sjølve skruen slik at du ikkje kan bruke eit skrujern til å skru den ut. Men skal du då eingong skru den ut så kan du berre bore opp skruen slik at du får den ut. Sjølvsagt, dei kan jo alltids klippe og kuke litt med ledningane, men då skal du ha god snøring på kva du gjer på. Og det tar mykje meir tid. Er det f.eks. ein narkis som skal stjele bilen så tviler eg på at han klarar å tjuvstarte den med hjelp av kablane.


Håpar dette er nyttig og lærerikt for nokon! Ikkje bruk det til noko ulovleg! Dette her var egentleg kun eit svar på spørsmålet til emnestartaren. Det er jo allerede 3 sider fulle av piss, så det er jo påtide at han får eit skikkelig svar. Som de kan sjå, det er veldig lett å tjuvkople gamle bilar.

- Grinder