View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av leiavget Vis innlegg
Jeg ønsker like rettigheter som en konsument for bredbåndsleverandører som i nesten alle andre bransjer.
Vis hele sitatet...
Skilnaden er vel delvis at det er få andre tenester som er avhengige av så mange variabler, og har utvikla seg så kjapt, som internett.

Det er eit ufatteleg komplekst system, og mange kunder forstår ikkje heilt kva dei faktisk kjøper, og at det ikkje er så enkelt som at 100Mb er 100Mb - om remote ende har 1Mb hjelper det pent lite om du har 100Mb. Eller eit punkt på vegen kan ha problem.

I tillegg er oveselling ein god strategi, for stortsett bruker ikkje folk kapasiteten. Eg har 100Mb/s heime, men tipper at i snitt er bruken under 5Mb/s. Då ville det vere idiotisk av meg å betale for å ha garantert 100Mb/s mot internett - for stortsett har eg ikkje bruk for det. Det er smartare av meg å godta at eg stortsett har 100Mb/s, men i enkelte tilfeller kan få dårlegare.

Forøvrig - om du er misnøgd så sign up for samknows si breibandstesting, og få testutstyr som fungerer, og gi rapporter til ISPen din. Då har du grunnlag for å slå i bordet. Det har du neppe som vanlig konsument som sit på wlan.