View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Trådstarter Donor
Sitat av 001 Vis innlegg
Kjernen ved diskusjonen ser ut til å være at du ønsker å sidestille jevnlig alkohol og cannabisbruk, og ikke som det ble påstått at politiet har etablert eller endret en praksis.

Politiet må forholde seg til det som er det aktuelle lovverket i dag, ellers gjør de ikke jobben sin.

Ellers vil jeg mene at det ikke tjener "din sak" å stille legaliseringskamp opp mot arbeidet for trafikksikkerhet. Myndighetene har visjon om null drepte i trafikken i fremtiden, og å åpne for større muligheter for ruskjøring er helt uaktuelt.
Vis hele sitatet...
Nei, her tillegg du meg meininger eg ikkje har, og fordreier fakta. Eg har sagt at eg ikkje er einig i dagens forbodslinje, men at eg aksepterer den, på grunnlag av utforminga og praksisen, men at å bruke vegtrafikklova som ekstrastraff er noko eg reagerer på.

Viare så har såvidt eg kan sjå brukern av vegtrafikklova §34 ikkje så veldig lang historie på den måten den er nytta i dag. Eit rundskriv som poppar opp er politidirektoratet sitt rundskriv frå starten av 2007. Det er først siste par åra eg har sett saker om det i media. Så sjølv om paragrafen er gammal verkar bruken av den rimeleg ny. Eller kan du vise til at den vart nytta mot folk som inntok relativt små mengder hasj for 10-15 år sidan?

Eg stiller heller ikkje legaliseringssaka opp mot trafikksikkerheit. Her legg du igjen ord i munnen på meg. Eg har ikkje tatt til orde for å fjerne forbodet mot ruskøyring, og har ingen innvendinger mot dagens praksis mot ruskøyring, men eg har innvendinger mot politiet sin urettferdige praksis med å nappe førarkortet frå folk utan at det er nokon som helst grunn til å tru at dei vil køyre i rusa tilstand.

Eg har heller ikkje tatt til orde for legalisering av cannabis i denne tråden. Eg har tatt til orde for at politiet og lovmakarar bør endre praksis på eit bestemt punkt - ikkje fordi eg nødvendigvis reagerer på resultatet, men fordi eg reagerer sterkt på argumentasjonen og metoden som vert nytta.
Sist endret av vidarlo; 17. august 2014 kl. 15:49.