View Single Post
Når det er snakk om elektro og andre yrkesfaglege linjer, så meiner eg vi manglar ei linje som ligg midt mellom Studiespesialisering og yrkesfag. Ei linje der elevane som likar teoretiske fag, men samtidig har lyst til å jobbe praktisk, kan ta ekstra fag som fysikk og matematikk. Vegen over til spesiell studiekompetanse er hard å ta når ein har gått to år på ei av dei slappaste linjene i landet.

Når det kjem til frivillig oppmøte, så tvilar eg på det er ein god idé. Det er faktisk mange på universitet/høgskule som ender med stryk grunna frivillig oppmøte. Sjølv om desse elevane er meir modne enn VGS-elevar.