Tråd: Romteknologi
View Single Post
Går linja no. Absolutt ein bra veg vidare. Ein får ta interessante fag samtidig som ein får studiekompetanse. Om ein faktisk bryr seg litt om skulen, er ikkje arbeidet så tungt heller. For dei superinteresserte kan ein og ta mattema. R1/R2 som privatist. To i vårt kull gjer dette.

Lærarane er stort sett nokre av dei beste eg har hatt så langt. Enkelte av dei kan dog verte tunge å følgje med viss ein er trøytt eller uinteressert.

Det Syndaren seier om fagdagar(Laurdagsskule) er sant. Ein har ekstra fagdagar for å td. tjene inn dagar for ekstra lange feriar. Vårt kull har ikkje vore på skulen sidan vi reiste til USA 21.03, og vi har fri til 16.04. Dette oppnådde vi ved å ha to fagdagar og to ekstra prøver.


No på vårparten har vi særdeles mykje arbeid, så sei ifrå til lærarane neste år at dei må prøve å køyre dykk hardare på hausten i år


Eit par bilete:

Akselerometer til årets rakett:


Payload:


Rakett:


Vi var forøvrig den første gruppa som ikkje har fått skutt opp rakett i rakettveka grunna værforhold.

EDIT:Antal søkjarar varierer kvart år. I år er ikkje linja eingong full. Mange i årets kull har difor sjokkerande låge karakterar.
Sist endret av jarinalus; 11. april 2012 kl. 16:17.