View Single Post
Før du begynner å tjena peng på foto kan det vera greit å ha litt erfaring. Fotografering er ikkje så enkelt som mange trur, og det tar tid, erfaring og konsentrasjon(og utstyr) før du blir god til det(som med alt anna). Dersom du ikkje har fotoerfaring og tenker på dette som letttjente pengar, så kan du snu med ein gong.

Dersom du derimot er villig til å innvistera tid og pengar har eg nokre tips:

- Lær deg lys!
- Finn ein eigen stil, slik at folk vil ha dine bilder.
- Lær deg Ps/LR, men dersom du bruker mykje lengre tid til redigering enn fotografering har du gjort noke feil.
- Stockphoto er dårlig betalt, prøv å selg til magasiner og aviser, då desse treng mykje bilete. Finn deg gjerne ei nisje; sport er lukrativt, men har ofte hard konkuranse.
- Når du har samla ein god del bilete kan du spørja ein lokal cafe eller liknande om å ha utstilling.
- Ikkje underpris deg. Dersom bildene dine er gode nok til å trykkast, så bør du betalast lika mykje som alle andre(som er på trykk i det bladet, litt annleis mtp. utstillingar).

Eg driv ein del med foto sjølv. Har solgt bilete til blader for 1500-3000 pr. bilde, og hatt utstilling der eg fekk nokre tusen pr. bilde. For tida er det ved sida av skule, men det er ei god inntekt i tillegg til jobb og stipend.

ps: Foto er ikkje godt betalt mtp. tid og pengar innvestert, men dersom du allerede er innteresert kan det vera ein fin måte å tjena litt ekstra.