View Single Post
Her var det så mykje å ta tak i at eg føler eg burde ha quota nesten alle innlegga for å svara. Då det antakeligvis ville blitt veldig rotete og mykje gjentaking, så skriver eg heller eit generelt innlegg.

Fyrst kan eg jo fortella om mi eiga bakgrunn: eg blir kanskje sett på som "partisk" i denne diskusjonen då eg skriver nynorsk sjølv og er medlem av Norsk Målungdom, men eg kan jo fortelja at eg hadde bokmål som hovudmål gjennom heile grunnskulen og vidaregåande. Eg er frå Haugesund, og der lærer (nesten) alle bokmål. Sjølv var eg ein av dei som mislikte nynorsk på ungdomsskulen og byrjinga av vidaregåande, og eg trur til og med eg skreiv under på ei underskriftskampanje frå Unge Høyre om å fjerna obligatorisk sidemålsundervisning. Vendepunktet for meg blei då me i slutten av fyrste klasse på vidaregåande lærte ein god del meir om historia til nynorsk og eg fekk betre forståing for kvifor me lærte det. I tillegg så blei eg etter kvart meir komfortabel med å skriva nynorsk då me hadde mange sidemålsstilar, og ein har jo ein tendens til å lika det ein føler ein beherskar.
Då eg var ferdig på vidaregåande og begynte å studera, bytta eg likegjerne til nynorsk som mitt hovudmål og eg har aldri angra. Eg kunne aldri tenkt meg å skriva "jeg" og "ikke" i ein tekst igjen. "Eg" og "ikkje" er det eg bruker til vanleg, så for meg føles det mykje "rettare" å nytta nynorsk.

Men, for å gå tilbake til det diskusjonen handla om, obligatorisk sidemålsundervisning! Det ligger kanskje litt i korta at eg er veldig for denne, og eg har tenkt å fortelja kvifor.

For det fyrste, så er nynorsk og bokmål i dag sidestilte skriftspråk. På grunn av dette har ein person som henveder seg skriftlig til staten på ein eller annan måte, krav å få svar på sitt eige skriftspråk. Skriver eg brev til for eksempel Skatteetaten, så er dei nødt å svara meg på nynorsk, noko eg synes er rett og rimeleg. Eg har inga problem med å forstå bokmål, men sidan nynorsk og bokmål er likestilte, så bør i det minste staten og kommunen klara å svara meg på mitt skriftspråk.
Som ein konsekvens av dette, må "alle" som jobber i stat og kommune kunne klara å formulera seg skriftleg på både nynorsk og bokmål. Så, skal du ha deg ein jobb i stat/kommune ein gong i framtida, så "må" du beherska nynorsk. Det er derfor temmelig mange arbeidsplassar som i dag krever at du kan både bokmål og nynorsk, og skulle me gjort sidemål valfritt, så er det ganske truleg at me ikkje ville hatt nok folk til å fylla desse jobbane - sjølv om alle som gjennomførte sidemålsopplæringa tok desse jobbane.
Og, skal du bli lærar, så må du òg beherska både bokmål og nynorsk temmelig bra. Skal du jobba i grunnskulen, og den grunnskulen nyttar nynorsk, så må jo du undervisa på nynorsk. Du får ikkje velja!
Så hovedargumentet for å ha obligatorisk sidemålsundervisning er med andre ord at det skuldast at nynorsk og bokmål er likestilte. Korvidt dei skal fortsetta å vera det, er ein annan diskusjon. Men så lenge såpass mange nyttar nynorsk i det daglege (ifølge dei fleste undersøkingar ca 10-17 % av Noregs befolkning), vil dei nok fortsetta å vera likestilte.

Eit anna argument for å fortsetta med obligatorisk sidemålsundervisning er at det er med og ivaretek nynorsken. For det er jo (dessverre) slik at nynorsken blir mindre brukt no enn for til dømes 50 år sidan. Dei fleste i grunnskulen har bokmål som hovudmål og møter fyrst på nynorsken gjennom sidemålsundervisninga. Dei fleste elevar i ungdomsskulen er lite språkinteresserte, så kor mange trur de, heilt ærleg, ville valt å hatt sidemålsundervisning viss det ikkje var obligatorisk? Antakeligvis veldig få. Resultatet ville vore at veldig få av bokmålselevane ville lært nynorsk, og nynorsken ville vore enda meir svekka.
(Hadde eg fått valet om eg skulle hatt sidemålsundervisning eller ikkje då eg gjekk på ungdomsskulen, ville eg nok valt å ikkje hatt det. Då ville eg aldri lært nynorsk og eg ville heller ikkje ha bytta til nynorsk som mitt hovudmål no. For meg er det ein ganske ekkel tanke no, for no kunne eg absolutt aldri tenka meg å skriva bokmål igjen med mindre eg må.)
Om nynorsken skulle døydd ut, hadde me òg mista ein stor del av norsk kulturarv. Dette argumentet har ein tendens til å gå inn eine øyret og ut det andre hos elevar i grunnskulen og på vidaregåande, men eg antek at kulturarv er noko ein set meir pris på når ein blir eldre.

Eg trur at mykje av frustrasjonen til skuleelevar rundt sidemålet blant bokmålselevar, er at dei føler dei ikkje beherskar nynorsken. Ein grunn til det er nok at dei møter ikkje på nynorsken i det daglege bortsett frå i norsktimane. Hadde avisene brukt nynorsk i artiklane, og NRK vore flinkare til å nytta så mykje nynorsk dei er pålagt, så ville det vore meir naturleg for elevane å sjølv skriva nynorsk. Når bokmålselevane berre blir satt til å skriva stilar på nynorsk, og så aldri ser nynorsk igjen etter fullført vidaregåande (med mindre dei får jobb i stat/kommune) forstår eg godt at sidemålsundervisninga verkar som ein totalt unyttig del og som skapar mykje frustrasjon då dei fleste føler dei ikkje beherskar nynorsk. Men for å svara til dette, er det to ting eg vil peika på:
1) At sidemålsundervisninga ender opp som unyttig for dei fleste, er eigentleg ikkje eit argument i det heile tatt. Tenk gjennom alt du har lært gjennom 13 år i grunnskule og vidaregåande - kor mykje av det bruker du i det daglege? Antakeligvis forsvinnande lite. Skulle me nytta argumentet "dei fleste vil ikkje få bruk for det" til alt, ville det nok ikkje vore særleg mykje igjen som pensum i nokre fag. Poenget er at _nokon_ vil få bruk for det, og sidan dei fleste i grunnskulen eller på vidaregåande ikkje veit kva dei skal bli allereie då, så er det greit å legga opp faga sånn at dei har høve til å bli "alt", men ikkje ender opp med å lukka igjen dører for dei i tidleg alder.
2) Mange mislikar som sagt nynorsk då dei føler dei ikkje beherskar det. Skal ein behalda sidemålsundervisninga, så burde me styrka den og gjera det skikkelig, og ikkje "halvvegs" som skjer mange steder i Noreg no. Fleire timar med sidemålsundervisning og meir skrivetrening og lesing av nynorske tekstar, ville fått fleire til å beherska nynorsken betre, og frustrasjonen over å måtta læra noko ein ikkje får til, ville nok avtatt. Hadde i tillegg mediene nytta nynorsk meir, ville det òg blitt lettare, då ein ville møtt på nynorsk allereie frå ein lærte å lesa.

Eg kunne antakeligvis skreve ein god del meir, men føler dette innlegget har blitt langt nok no. Eg kjem tilbake med meir seinare