View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det som er forbanna tragisk er at folk greier å lire av seg så mykje piss som vi har sett i denne tråden. Er vi virkelig ikkje komt lenger enn at vi ønsker kroppsleg avstraffing av forbrytelser? Er ikkje det omtrent det vi anklager Iran for å drive med?

Det er kriminalitet, ja, og det er uønska i samfunnet. Eg har imidlertid ikkje tru på at kroppsleg avstraffing vil hjelpe, ut frå det som er formålet med straff: beskytte samfunnet, rehabilitere forbryteren, og ha avskrekkande effekt.

Samfunnet blir tilstrekkelig beskytta gjennom ei fengselsstraff, eventuelt forvaring om vedkommande står i ekstrem fare for å gjenta det. Rehabiliteringa er mulig gjennom fengsel og psykologisk behandling trur eg - om ikkje får ein ha vedkommande i forvaring til rehabiliteringa er fullført / ut livet. Det er opp til retten å vurdere. Og som preventiv virkning? Vedkommande som gjorde dette var enten psykisk sjuk, og la neppe vekt på straff, eller var fullt ut klar over at det var straffbart og ga faen.

Det vil rett og slett ikkje ha større effekt med kroppsleg avstraffing av slike forbrytelser. Fengsel er jaggu straff nok trur eg, og hovedformålet i denne saka er vel å beskytte samfunnet og rehabilitere? Avskrekkingseffekten trur eg er rimelig minimal - då er avsløringa av det viktigare enn straffa.

For i tillegg til straffa domstolen deler ut medfører dette ekstremt stor sosial stigma, ettersom INGEN grupper tolererer det. INGEN. Det er rett og slett så store sosiale stigma rundt dette at eg kan ikkje tenke meg at straffa har meir avskrekkingseffekt enn den stigmatiseringa...