View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Kvifor i alle dager bruker folk MSN Messenger? Greit nok at det funker, men det er jo en lukka standard, med Single Point of Failure: Microsoft sine tenarar. Bestemmer MS seg for å legge ned dei, eller dei enkelt og greit går ned pga. tekniske problemer, så, vel, er MSN nede. Og en kan jo ikkje hevde at MSN-problemer akkurat er ukjent.

Så kvifor bruker ikkje verda ein open standard, slik som XMPP? Då har ein fleire tilgjengelige levrandører, både på klient- og server-side. På klientsida har en m.a. Google Talk, pidgin, adium, trillian m.fl.. På tenarsida har ein programvare om ein vil lage sin eigen, eller ein kan velje ein av mange levrandører av tenesta, f.eks. google (gmail/gtalk), jabber.org, jabber.org.uk, eller kjøpe sitt eget domene og sette opp med jabber hos f.eks. Dreamhost.

Vel. Folk bruker MSN fordi venner bruker MSN. Og alle veit vel kor irriterande det er å ikkje få kontakt med venner fordi MSN er nede? Det er også poenget - venner lar ikkje venner bruke MSN! Bytt til XMPP/Jabber i dag, og få med deg vennane over! Då er det mange levrandører, så du sit der ikkje uten kontakt om en går ned; du bruker bare en annen!

Sjølv bruker eg jabber.org og gmail som levrandør av tjenesta, og sjølv om begge har vore nede innimellom har eg ikkje opplevd at dei hadde nedetid samtidig!

Så gjer verden bedre; bytt i dag og få med deg andre over!