View Single Post
Om du er en driven linux-brukar så er tvilsomt Ubuntu noko for deg. Ubuntu er laga for dei som ikkje har noko/lite erfaring i linux og tek det fyrste hoppet frå Windows. Ubuntu er lagd opp til at ting skal verke med ein gong og at brukaren ikkje skal få for mange val (litt slik som i Windows). Får brukaren for mange val under den fyrste vitjinga i linux-verda, vert han skremd og spring attende til Windows.

Det er prøver å seie her er: Ubuntu er for dei som ikkje har så mykje erfaring innan linux. Etter ei stund vil dei som krev litt av PC-en sin hoppe vidare til ein annan distro for å få han slik dei vil, medan personar som far min, som berre brukar PC-en til å surfe, skrive og lese e-post, vil halde seg i Ubuntu.
Er du ein erfaren linux-brukar vil du sannsynlegvis ikkje like Ubuntu, sidan alt er så automatisert og du manglar val til å finstille alt.