View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av hyys
Så du mener med dine fulle fem at om Staff og lommemannen sitter og tar en kopp kaffi og dette blir sagt:

Staff: Gjorde du det eller ikke?
Lommemann: Joda, jeg gjorde det, men jeg vil ikke ha straff!
Staff: Det skal vi ordne vet du!

Se for deg at lommemannen ikke blir dømt, men blir frifunnet! Og det var Staff som hjalp ham til å "snike seg unna" straffen!

Er da Staff etisk i dine øyner?

Det må være tungt å krype til sengen som forsvarsadvokat når du vet at du har hjelpt en kriminell av den sort til å bli frifunnet!
Vis hele sitatet...
Ja, faktisk vil eg gå så langt som å sei at det ville være svært uetisk av Staff å gå inn for noko anna enn frifinnelse dersom vedkommande nekta straffeskuld i retten, uavhengig av kva som er blitt sagt i det private rom.

Den dagen ein forsvarsadvokat gjer slikt er eg rimelig sikker på at vedkommande heldigvis er ferdig som forsvarsadvokat. Det er for faen det som er jobben til en forsvarsadvokat. Og som sagt blir bildet balansert av ein aktor som har motsett oppgåve.

Lova er klinkande klar: kan ikkje aktor bevise at ei straffbar handling er begått av tiltalte, så skal ikkje tiltalte dømmast. Det er lovverket vårt. At du meiner det er alvorleg feil i det får stå på di kappe...

Ellers kan vi jo berre innføre systemet med politistat, der politiet lemper vedkommande i fengsel og bestemmer at han skal få 3 års fengsel - utan lov og dom. Eg vil ikkje ha eit slikt samfunn! Det er langt betre at ti personar går urettmessig fri, enn at ein person blir feilaktig dømt i mine auge. Alltid, og uten unntak.

Edit: forøvrig er jo prinsippet nedfelt i straffelova om ein strekker det litt: du kan aldri få straff for å nekte å inkriminere deg sjølv. MAO, du kan ikkje få straff for å nekte å forklare deg dersom du risikerer straff dersom du forklarer deg sannferdig. Du kan heller ikkje få straff for å lyge i ei rettsak der du er tiltalt. Det er fornuftige prinsipp, og eg er glad for at Noreg har eit balansert og velfundert lov- og rettsystem. Dei som skreiv lovene var ikkje dumme, dei vegde samfunnet sine interesser opp mot rettsvernet til den enkelte, og fann ein veldig fin balansegang! Den rettstradisjonen bør vi ta vare på!
Sist endret av vidarlo; 14. januar 2008 kl. 16:11.