View Single Post
Kan vel be om litt tips i denna tråden eg og, om det ikkje er til bry for trådstartar?

Var på skuletur til Skotland i haust, og kjøpte med meg 3 liter lettsprit heim. Er berre 18, og gadd ikkje ta sjansen på å bli busta når eg var med skulen, sjølv om sjansen for det er liten. Problemet var at blank sprit under 22% ikkje var å oppdrive på Torp. Endte opp med 1 liter baileys, 1 lite ferskensnapps ogg 1 lite Blå Blink(lakrisshot). Baileysen er god med kaffi, men ferskensnappsen og lakrisspriten smaker rett og slett jævlig.

Har nokon idear, men usikker på korleis det funker. Problemet med ferskensnappsen er at den er så søt at eg blir kvalm av å drikka det. Har berre prøvd å blanda med sprite, og lurer på om det kanskje er bedre om eg blander med sitronsaft og f.eks appelsinjuice? Trur i alle fall det må noko syrlig til, men har lite erfaring frå å blande ting.

Lakrisspriten er noko av det verste eg har smakt. Hadde håpa på at det likna på tyrker, men smaker søt lakris, noko eg sliter med å få i meg. Kan eg prøve å "tyrke" han opp på noko vis? Tyrkisk pepper eller Hockeypulver kanskje?

Håper folk kan gje nokre forslag til kva som kan hjelpa.