View Single Post
Ein forskar jo på Thoriumkraftverk nå. Sjølv om dette ligger 50 år fram i tid, så vil desse kraftverka vera mykje sikrare enn dagens uran-kraftverk. Thoriumkraftverka vil vera gravd under bakken, kor dei ikkje vil bli utsette for ver og vind. I tillegg så har ikkje denne prosessen nokre radioaktive avfallstoffer. Einaste farlege med thoriumreaktoren er at han må innehalda litt radioaktiv uran for å starta opp prosessen, men dette er snakk om små mengder, som ikkje vil vera skadeleg om det skulle sleppa ut. Det er heller inga fare for nedsmelting for Thoriumreaktoren (kvifor er eg ikkje sikker på, men har infoen fra Egil Lillestøl).
Forresten: dei som elsker Thorium berre fordi Noreg har store forekomstar, må eg nok skuffa. Thoriumen i Noreg er vanskeleg og kostbar å utvinna, og vil fyrst bli brukt når alle andre billigare alternativ er brukt opp. I India ligger Thorium i sanden, så du kan omtrent berre ta med deg ein spade og ei bøtte og så har du litt Thorium.